Turbeskrivelse - Bakka - Dyrdal

16-11-2006 - Kjell Inge Tufte Tyssen

Turen byr på ein høgdeforskjell på 1300 høgdemeter over ein distanse på mellom 15 og 20 kilometer. Heile vegen har du dei flottaste verdsarvfjell du kan tenkja deg. Prikken over i"en må vel kunna seiast å vera utsikten frå Breidskrednosi.

Etter turbeskrivelsen finn du kart med innteikna rute, høgdeprogfil og sporloggar til gps.

Ein tek av frå vegen mellom Bakka og Tufte(ytterste garden på Bakka) like etter ein bakketopp - skilta Rimstigen. Herfrå går ein fyrst igjennom noko skog før ein kjem ut i meir ope terreng - skrebakken. På ca. 150moh går stien inn i skogen. Herfrå er stien godt synleg heilt til ein kjem opp i Rimstigen 700moh. Det er dei siste to åra lagt ned mange timars arbeid for å gjera stien lettare farbar.

Frå Rimstigen fylgjer ein dalen innover - stien er stort sett lett synleg også her. Omlag fem hundre meter inne i dalen skal elva frå Rimstigvatnet kryssast - ikkje bru men er stort sett grei å ta seg over. Vidare går eit lite stykke langs elva frå Skarsvatnet, før ein går litt meir til venstre over nokre myrar. Her er stien dårleg, men det seier seg sjølv kor ein skal.

Etter myrane svingar ein meir mot høgre og går rett mot Skarsnosi. Bratt oppover Skarsbakkane mot Skarsvatnet.
Idylliske Skarsvatnet ligg på 1100moh.  Du går over elva i utløpet av vatnet. Har ein gode sko pleier ein å komma seg tørrskodd over denne også.

Ein fylgjer vidare stien langs vatnet. Tek ein av for tidleg kjem ein for langt mot sør, og får litt meir kuppert terreng. Når ein kjem på omlag 1250moh. Lyt ein velja om ein ein vil ta turen om Rimstigfjellet. Rimstigfjellet byr på fin utsikt mot fjorden og Bakka. Om ein ikkje vil på Rimstigfjellet fylgjer ein dalføret som ligg framfor ein - det er berre å fylgja lågaste punkta framover sidan ein likevel må nedatt til 1120moh. før ein tek til på stigninga mot Breidskrednosi.

Frå Breidskrednosi  til Vassete er det ingen sti. I lia ned frå 1000moh. er det lyng og skog. Kjem ein lang til høgre/nord aust vert det meir skog, og går ein langt mot sørvest vert det brattare. Vegen innteikna på kartet har vist seg å vera eit godt kompromiss.

Frå stølane på Vassete er det god sti ned til Hjølmo, og frå Hjølmo til Dyrdal er det grusveg.


GPS kart over turen
Kart med innteikna rute frå GPS.


Høgdeprofil for turen.


Sporlogg til Garmin gps (gdb format) - Sporloggen manglar noko parti på vegen opp til Rimstigen men er elles nokså nøyaktig.
Sporloggen i gpx format